Themsenestuaret

Themsenestauaret
Flyfoto av Blackwater-estauaret, ved kysten av Essex, den nordlege delen av Themsen-estauaret. Mersea Island til høgre.

Themsenestuaret er estuaret til Themsen, der denne elva munnar ut i Nordsjøen.

Det er ikkje letter å definere grensene til estuaret,[1] sjølv om den fysiske botn av sjøområdet, nær Canvey Island ved kysten av Essex kystlengd er truleg den vestlege grensa. Den austlege grensa, som foreslått av Hydrological Survey av 1882-9, er ei linje trekt frå North Foreland i Kent via Kentish Knock fyr til Harwich i Essex. Det er til her dei typiske sandbankane langs estuaret strekkjer seg til.[2] Estauaret har den nest største tidvassrørsla i verda, der vatnet kan stige med fire meter med ein snøggleik på 12-13 km/t.

Estuaret er eit av dei største av 170 slike bukter langs kysten av Storbritannia. Det er ei stor skipsrute med tusenvis av rørsler kvart år som oljetankarar, containerskip, bulkskip og lekterskip på veg mot Port of London og Medway Ports i Sheerness, Chatham og Thamesport.

Ein av dei største vindfarmane i Storbritannia er under utvikling i estuaret, 8,5 km nord for Herne Bay. Farmen består av 30 vindturbinar som genererer totalt 82,4MW elektrisitet. Den mykje større London Array med ein kapasitet på 1GW er òg planlagt.

  1. Countryside Agency definition of the Greater Thames-estauaret, arkivert frå originalen 27. februar 2006, henta 25. juli 2011 
  2. Part of the Admiralty chart showing the sandbanks (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. februar 2008, henta 25. juli 2011 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search